Listing

Denne Stranda

Fjord Ranger og Park Ranger

  • Uncategorized
  • onsite
  • Full time

Posted

Free to apply. You’ll finish on the employer’s own site.

Vil du jobbe med formidling og skjøtsel i Geirangerfjorden? Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv søkjer prosjektstillingar til sommarsesongen.

Vi ser etter deg som kan arbeide fleksibelt med formidling på dei ulike programma våre og/eller utføre ulike former for skjøtselsarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Formidling på dei ulike programma våre

  • Ulike former for skjøtselsarbeid

  • Noko administrativt arbeid

Oppgåvene vil variere, og formidlingsoppgåver kan også bli aktuelle for deg som hovudsakleg arbeider med skjøtsel.

Vi ser etter deg som

  • Meistrar engelsk godt, og gjerne tysk. Fleire språk er ein fordel.

  • Er sørvisinnstilt, fleksibel og utåtvend.

  • Arbeider effektivt og sjølvstendig, og samarbeider godt med andre.

  • Er i tilstrekkeleg fysisk form til å utføre oppgåver som krev fysisk arbeid.

Om oss

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv arbeider for å ta vare på, formidle og utvikle verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Vi held til ved Norsk Fjordsenter i Geiranger, og arbeider med natur- og kulturforvaltning, skjøtsel, formidling og berekraftig lokalsamfunnsutvikling.

Hos oss blir du del av eit lite, tverrfagleg arbeidsmiljø med eit felles mål: å ta vare på den unike natur- og kulturarven for framtidige generasjonar. Formidlinga skjer både på fjordsenteret og ute i verdsarvlandskapet, i møte med besøkande frå heile verda.

Kontaktperson:
Merete Rønneberg, Formidlingsleiar naturarv/kulturarv
[email protected]

Not the right role?

Search jobs from 47,000+ company career pages, many not on LinkedIn or Indeed.

Fjord Ranger og Park RangerDenne Stranda
Apply now